SOGEKRAFT

Det renn ei åre av gnistrande sogekraft frå Seljords Anne Godlid til verdsberømte Wardruna.

Aller fyrst:

Ein krokrygga sogeseiar står oppreist i snøføykja. Blikket hennar streifar underleg ut over fjell og gardar. Anne Godlid vart fødd på Synsttveiten i 1773 i ei tid der vegen mellom eit glefs frå Midgardsormen til dit siste Fader Vår var kort. Kulturhistorikar og folkekulturgranskar Rikard Berge (1881–1969) reiste i heile Telemark, og andre stader, på jakt etter soger, viser, stubbar, folketonar og slåttar. Berge har portrettera den omtala legenda frå Seljord:

«Ho laag ute til under jol og vassa berrføtt i snjoen um mønom daa ho kom inn. Dei spurde um ho ikkje ville verme seg; men nei, ho fraus ikkje, sa ho. Det vanka ikkje mange bêlar til henne Anne. Ho var ikkje av dei venaste gjentune. Ja, de er synd aa segia, men ho var den ljotaste skapning du mest skulde sjaa. Anne var ikkje ven. Ho var stornasa og tvilippa og grovleitt og fæl. Haar hadde ho som busti på ein gris. De var svart og midt etter kruna gjekk de ein gard som ei maan. I eldre aar snaudklypte ho seg, og naar ho strauk skautet attyvi nakken, so stod maani plent som ein kamb i vêre. Ho var lite og kvass og myrkbrynt. Paa sine gamle dagar gjekk ho tvikrokut og med kjepp i hondi. Men i ungdomen var ho kjøn.» ( Berge, 1976, s.5)

Berge vier fyrste kapittel i Norsk sogekunst til Anne Godlid. Her kan vi lese om korleis ho som jentunge fekk inn soger frå si eiga gudmor, slik som i denne soga om ein svolten skrubb:

«Godmor deira visste so mykje. Ho kunde fortelja fraa sin uppvokster, fyrst på 1700- tale, baade de som hadde hendt henne og de ho hadde høyrt fyri seg. Det var så ulikleg skrubbut den tid, fortalde ho. Ein morgon – ho var daa paa niande aare – fylgde ho mor si aat fjose. Medan ho moka, kom de tri skrubbar og kika inn gjennom fjosdyrri, ja den eine rende radt inn-i fjose og upp-i saustille. Ein bekar vart so fjamsin han flaug radt yvi stille og ut paa tune, lukt i gape paa hine skrubbane, og dei glaup han med same. Men Kjersti – so heit kjeringi – var skarp paa foten og hoppa upp-i stille etter skrubben, so han vart so rædd han la seg flat paa tadden. Ho rende beint paa han, sette seg skrævs yvi ryggen hans og heldt han i øyro, med jentungen sprang etter hjelp.» (ibid, s.3)

Anne tjente i 16 år på ein gard i Mo sokn. Ho lærte mange soger frå gardsfolket. Det førekom eit og anna uforklarleg kring Anne sjølv desse åra:

«Ein jolaften høyrde ho de ropa paa henne: Maa me koma aa halle jol mæ deg?» sa de. «Ja», svara ho, ho tenkte de var gutegapar. Ho var plett eismo der, og um kvelden etter ho hadde koka grauten, høyrde ho de mulla og rødde utanfor dyrri. «Tru her kjem fólk i kvell», sa ho «naar, d´æ joleftan.»

So la ho seg. Men de kom inn tvo karar og eit kvende. Dei hadde niste med seg og tok til aa duka borde. So matsteilte dei og aat og godgjorde seg. Rødde gjorde dei i ei otu, men ho skyna ikkje noko av de dei sa. “Ja, naa skò de bli gròut av,” tenkte ho. Men dei drog att som dei kom, og um morgonen stod grauten paa bordsenden like urørd som daa ho hadde aust opp fate. Aldri dei ansa henne heller; men de kom ei tussekjering burtaat sengi og glodde stivt paa henne. Anne laga seg som ho sov og kjeringi sveiv ifraa att.” (ibid, s.4–5)

Gjetorda om sogeseier Anne Godlid nådde både prest og salmediktar Magnus Brostrup Landstad (1802–1880) og dessutan folklorist og biskop Jørgen Moe (1813–1882). Landstad vart overvelda over det gode minnet hennar. Godlid fortalte om eit drap i 1419 og siterte ordrett frå eit skinnbrev skriven på den tida.1

Andre scene:

Nokre elevar ser på episodar frå Vikings i ein periode om norrøn litteratur og dikting. Dei har studera dikt frå Den Eldre Edda, dei har lytta til musikk og tekstar av Wardruna. Snart skal dei dramatisere vers frå Håvamål. Dei må berre sjå korleis det går med småkongen Ragnar Lodbrok fyrst. Emna er like spennande dryge tusen år seinare.

Løyndomen ligg i møtet mellom språk og dikt­ing , mellom ære og skam. Råd vankar det også åt den som sjølv tenkjer seie fram soger. Snorre Sturalson hadde som mål å vekke liv i den gudommelege skaldekunsten. I Den yngre Edda finn vi ei soge om kor skaldskapen kjem frå:

Da sa Æge: «Hvor mange måter har dere til å skifte ord og uttrykk i skaldskap? Og hvor

mange arter finnes det av skaldskapen?»

Da sa Brage: «Det er to ting som setter skille i all slags skaldskap.»

Æge spurte: «Hvilke to?»

Brage sa: «Språk og versemål».

«Hva slags språk bruker en i skaldskap?» «Det er tre slags språk i skaldskap.»

«Hvilke?»

«For det første kan en kalle hver ting ved sitt rette namn: for det andre kan en bruke «heiti»

(synonymer): og for det tredje kan en bruke det vi kaller kjenning (omskriving).

Vidare ber Snorre gjennom diktarguden Brage lesaren forstå at det er viktig å lese Snorre- Edda. I Skaldskaparmål presenterer Snorre oss for soga bak skaldskaparspråket (Holtsmark, 1950, s.102–103).

Bitar av vår eiga kulturarv skapast i seriar som Vikings2. På den eine sida får kommersielle kringkastarar konsentrera eigarskap og distribusjon over sogeindustrien. På andre sida vekkjer seriar interessa for sogekunst. I klassa nett i ferd med å øve vers frå Håvamål, har eit par av ungdomane sett fleire sesongar kor møte mellom menneske og guddom skildrast.

Siste scene.

Midgardsblot 2016. Utanfor Gildehallen i Borre entrar det verdskjente bandet Wardruna scena. Drakter, instrument og sogeliknande stemmer trer fram i mørkeret lik ein draum. Scena er dekorera av trestakar med detaljar frå bukkefigurar slik folk brukte då dei gjekk julebukk i gamal tid3 Leitar me godt nok, finn vi soger i songar og historier rundt oss i eigen kvardag, hjå gamle kjeldar, under musikkfestivalar. I dag kombinerast gjerne trekk frå den gamle skaldekunsten med moderne soger, nyare forteljingsteknikkar og musikk. Sjølv om kommersielle kringkastarar krev meir merksemd enn nokon gong, har folk frykta tapet av ekte sogeseiing fleire gonger før: Avislesnad, skuledaning, offentlege gjeremaal, møte og stemnur o.s.fr. bryt den heimlege freden, som var den naturlege grobotnen for sogulive, og aa høyre verkelg kunstvori sogusegjing vert no meir og meir sjeldan. (Berge, 1976, s.1)

Det krev evne og interesse for å seie fram soger, lik legenda Anne Godlid eller vokalist Einar Selvik i Wadruna. At lærarens rolle som sogeseier har plass og betyding i steinerpedagogikken, er avgjerande for å kunne vekke interessa for soger og moderne sogeseiarar. I songen Skald syng Selvik om eigen skaldskap. Teksten har norrøn språkdrakt – her også med engelsk omsetjing:

Troll kalla mik

tungl sjötrungnis,

auðsug jötuns,

élsólar böl,

vilsinn völu,

vörð náfjarðar,

hvélsvelg himins –

hvat er troll nema þat?

Sköld kalla mik:

skipsmið Viðurs,

Gauts gjafrötuð,

grepp óhneppan,

Yggs ölbera,

óðs skap-Móða,

hagsmið bragar.

Hvat er skald nema þat?

Hvat er skald nema þat?

Troll they call me:

Moon-loony of Hrugnir

Sucker of giant’s gold

Slayer of the storm-sun

Woe-worker of the seeress

Warden of death-fjord

Swallower of the sky-wheel What’s a Troll if not that?

Skald they call me:

The ship-smith of Odin

Recipient of Gautr’s gift

Profligate poet

Ygg’s ale-bearer

The mind-Moði of poetry Skilled smith of verse

What’s a Skald if not that? What’s a Skald if not that?

Litteratur

Berge, R. (1976) Norsk sogukunst, Noregs Boklag.

Landstad, M.(1853), Norske Folkeviser, samlede og udgivne, Christiania: Chr.Tönsbergs Forlag.

Holtsmark, A. (1950), Snorre Sturlason – Edda, Oslo: Cammermeyers Boghandel.

Skald (2018), Wardruna

Watson, A. (2019, 21. Nov) Number of commercial TV stations in the U.S. 1950-2017. Statista. Henta hjå: https://www.statista.com

Wikipedia, (4.10.2020) Anne Golid, https://nn.m.wikipedia.org/wiki/Anne_Godlid

1) “Vi have haft Anledning til at erfare, at gamle Anne Godlids Hukommelse er at stole aa i slige sager og nære ingen tvivl om at hendes Beretning i Hovedsagen er rigtig. Vi ser altsaa heraf at Gaze Sandland levede aar 1419.” (frå norsk Wikipedia om Anne Godlid)

2) Berre i 2017 vart det registrera 1761 fjernsynsstasjonar i USA (Watson, 2019)

3) Skikken med julebukk er truleg satt saman av elementar frå symbol kring fruktbarheit, men og at julebukken var eit skremmedyr og del av åskorsreia. I hendensk tid var bukken symbol på fruktbarheit og kraft. Tradisjonen med å gå julebukk er truleg knytt til hedensk skikk.

Coverillustrasjon til utgivelsen Skald av Wardruna.

Marianne Store

Lærer ved Slottsfjellet videregående steinerskole.